Rosa vest basert på eit favorittmønster: enkel vest frå Pickles. Vesten er strikka i Freestyle frå Dale, pinnar nr 5. Det gjekk med ca 150 gram.
Knappane viser ikkje så godt på bildet- men det er runde treknappar med eit hjarte i midten. Vesten skal gjevast vekk i gåve til ein 4-åring.
28. april 2012
18. april 2012
Vestar med ordknappar
Ordknappane frå Snella og Petronella er rett og slett bedårande! To kollegaer fekk kvar sin gut nyleg- og eg strikka babyane kvar sin vest. Oppskrifta er frå Nøstebarnboka. Den brune er strikka i totråds garn frå Nøstebarn, den grå er strikka i Shetland soft- garn. På knappane står det "fole kjekke kar" og "nauta nydla nurk".
17. april 2012
15. april 2012
Baby born til barnehagen
Kveldane i påskeveka sette eg av til dokkekledestrikking. Slike små plagg er det fort gjort å få ferdig. Dokka og klede er no levert til barnehagen der 3-åringen går- som erstating for ein dugnad vi ikkje deltok på i fjor:-)
1. april 2012
Mariustunika
Mariustunika i str L. Eg hadde ikkje oppskrift, men brukte ei anna tunikaoppskrift frå Dalegarn som utgangspunkt. Tunikaen er strikka på pinnar nr 3,5 i Falk (det blå) og Smart (det raude og kvite).
Eg starta i halsen og strikka nedover.
(Naboane trur sikkert eg er smårar- står ute i snøføyka og tek bilde av strikkaplagg eg har hengt i eit tre:-))
Eg starta i halsen og strikka nedover.
Abonner på:
Innlegg (Atom)