Denne geniale hettegensaren heiter Oslo-anorakk. Mønster frå Pickles. Eg har strikka den i Nepal frå Drops på pinnar nr 4,5. Str 6/12 mnd.
30. juni 2012
6. juni 2012
Oldemorsteppe
Hurra! I dag er det både 17. mai og julaftan- for eg har fått ferdig oldemorsteppet eg starta på for to år sidan. Den gongen kalla eg det eit evigheitsprosjekt, og varsla at det kom til å gå både vinter og vår før eg vart ferdig. Vel, det har gått 2xvinter og 2xvår.....
Kvifor eg har brukt så lang tid? Tja, sjølve heklinga gjekk ganske raskt, sjølv for meg som eigentleg ikkje kan hekle. Samanheklinga grudde eg meg til, så den utsette eg nokre månader. Men det gjekk greit då eg endeleg tok mot til meg. Men så var det denne trådfestinga då.... Hjelpe meg kor mykje tid eg brukte på det!
Teppet er sett saman av 96 ruter, hekla i merinoull frå Drops. Rundt kanten har eg prøvd meg på ein enkel heklekant.
Oldemorsteppet skal etter planen pryde senga til 8-åringen i huset. Trur ho nesten hadde gitt opp trua på at teppet skulle bli ferdig:-)!
Abonner på:
Innlegg (Atom)