
Det måtte skje. Sjølvsagt klarte eg ikkje å la vere å strikke farsotten
Skappelgenser. Min versjon er strikka på pinne nr 6,5 (det tjukkaste eg har:-)), og eg har brukt ein tråd Mini alpakka og ein tråd Kitten Mohair, begge frå Sandnes.

Eg la opp 66 maskar, strikka nokre omgangar vrangbord og heldt så fram med rillestrikk. Bolen er strikka i eitt stykke- eg felte til hals og la opp nye maskar i nakken.

Til ermane tok eg opp 54 maskar på skuldrane og felte jamnt nedover til 32 maskar. Til slutt hekla eg saman gensaren under ermane og i sidene.

Gensaren er i ca str 10 år. Ermane vart kanskje litt for korte, men vi satsar på at plagget sig litt i bruk.

Katten Tarzan har det med å dukke opp når det er fotografering til bloggen. Så då måtte han nesten få lov til å vere med på nokre bilde!
Alpakkaen er mørk rosa, mohairen lillarosa. Veldig mjukt resultat! Og så tok det berre fire kveldar å gjennomføre dette prosjektet:-)
(Og som tittelen på dette innlegget fortel; det kjem fleire slike- eg er allereie i gang med nr 2.)