"Nokon" har kjøpt ganske mykje Nepal-garn frå Drops. Difor måtte "nokon" finne noko å strikke av dette garnet. Det vart ein favorittislandsgenser til sjuåringen i lysegrått og to rosafargar.
Mønsteret er laga av Vilde Sofie Michaelsen Sørdal og kan kjøpast på ravelry.com. Oppskrifta går eigentleg berre ned i str XS, men med litt triksing og miksing fekk eg ein genser i str XXS eller ca ti år. Eg la opp åtte maskar færre enn til str XS, strikka nokre centimeter kortare bol og ermar, osb.
Vrangbordene er strikka på pinne nr 4,5, resten på pinne nr 5.
Ikkje så enkelt å ha laaaangt hår i nordavinden......
Slike strender har vi her på Sunnmøre. Fint ver, men litt for kald vind til at folk vart lokka til bading i dag.
Veldig fornøgd med genseren, og sidan "nokon" har meir enn nok Nepal i lageret, blir det truleg fleire av same sort i løpet av nær framtid.
Nydelig genser og en herlig modell :)
SvarSlettVeldig fin denne også, forstår godt at mottaker er fornøyd. :)
SvarSlettÅ den blei kjempefin! Del den gjerne på link party hos meg i morgen :)
SvarSlettFlott genser på en blid og fornøyd jente. :)
SvarSlettTusen takk!
SlettGod og fin genser til en fin jente !
SvarSlettTusen takk!
SlettKjempefin genser! Skjønner godt at jenta er fornøyd med denne :)
SvarSlett