Eg er ingen stor sokkestrikkar. Eg har aldri vore det, har aldri prøvd å bli det, og veit ikkje om eg nokon gong blir det. Men då Sandnes kom med eit nytt sokkegarn, der mykje er alpakka, ja, då måtte eg nesten prøve. Resultatet vart dette paret i ca str 5-6 år. Eg strikka etter oppskrifta som følgde med garnet, men brukte pinnar nr 3 i staden for pinnar nr 3,5.
Her kan ein ane litt kor mjukt dette garnet er.
Alpakka i sokker, det høres deilig ut. Jeg ble også glad av den stripete kjolen din lengre ned her :)
SvarSlett