Kjolen er sydd av lett bomullsstoff frå Stoff og stil.
Det einaste ekstra med denne kjolen er at mottakaren har fått namnet sitt skrive med knappar: MARTHE.
Tunkaen er sydd av eit gamalt putetrekk i krepp, truleg frå det fargeglade 70-talet. Godt brukt, men framleis mykje stoff igjen. Mønsteret er av enklaste sort: framdel og bakdel er lik og kragen har løpegang med strikk. For å live litt opp applikerte eg på to blomar frå eit frottestoff. Eg har sikkert sagt det før, men plagg av dynetrekk/putetrekk blir heilt utruleg mjuke og deilige! Rett og slett perfekt for born.