8-åringen er ikkje den som får flest heimalaga klede. Mest fordi han ikkje er så veldig glad i strikkaplagg- det meste klør, meiner han. Men no trur eg eg har funne det perfekte garnet til han: merinoull frå Drops.
Jakka er strikka litt på måfå, eg plukka ut nokre fargar (lys og mørk grå, gul, blå og brun) og strikka i veg. Brukte pinnar nr 3 og 3,5, og str er vel 9-10 år. Han er veldig glad i kattar ( lik meg!), så difor la eg inn ei rekke med pusar. To kattar fekk broderte, gule auge:-)
Fargane speglar sommaren her på Sunnmøre: mykje gråver og lite sol og blå himmel. Knappane har guten plukka ut sjølv: eitt smilefjes, resten kattefjes.
Eine knappestolpen er grå (med knappar), den andre (med knapphol) er gul. Og dette prosjektet minte meg på kor lite eg likar å sy i og klippe opp i noko eg har strikka... Vel, 8-åringen er fornøgd i alle fall.