Har du fått med deg koftedilla som herjar i landet? Gamle kofter og koftemønster vert leita fram igjen og får nytt liv, spesielt gjennom Facebookgruppa Koftejakten. I løpet av året kjem det ei eiga koftebok, laga av Liv Sandvik Jacobsen og Lene Holme Samsøe. I den boka er mønsteret på denne Stjernerutekofta med.
Dette er eit gamalt mønster frå Sandnes, opphavleg laga for Triplex-garnet. Eg har brukt Pickles pure wool (det turkise) og dobbelt totrådsgarn frå Nøstebarn (naturkvitt) Nøstebarn og Pickles er mine desiderte favorittar på garnfronten, så dette vart absolutt ein heldig kombinasjon.
Eg brukte pinnar nr 3 på vrangbordene, nr 3,5 på resten. Garnforbruket vart ca 300 g av kvar farge.
Det er ikkje ein einaste einsfarga omgang på heile jakka, så det krev full konsentrasjon når denne skal strikkast:-)
Eg synest kofta vart veldig fin, og eg er fornøgd med at eg klarte å velje litt utradisjonelle fargar.
Nok fotografering for denne gong:-)