Kanskje ikkje så mykje London over dette plagget her, men namnet har ei forklaring: eg var innom Loop Knitting-butikken i Camden Passage då eg var i London for eit par månader sidan. Der kjøpte eg tre hespar a 100 gram av garnet Ultra Alpaca frå Berroco.
Garnet har no vorte til denne tunikaen i str 6-8 år, ca. Eg starta øvst (la opp 66 maskar) og strikka nedover til garnet var oppbrukt. Det skulle eigentleg brukast pinnar nr 5, men eg fann berre nr 4,5- så då brukte eg det.
Tunikaen vart rett og slett herleg: mjuk og varm.
Garnet finst i veldig mange fine fargar. Ikkje så lett å gjengje fargane eg brukte, men det er altså lysegrått, lilla og okergult.
(Forresten lenge sidan sist oppdatering her, det skuldast tidenes travlaste haust og lite tid til strikking. Satsar på å kome sterkare tilbake!)
For en herølig fargekombinasjon. Digger den. Nydelig tunika.
SvarSlettDette ser ut som et superanvendelig plagg. Nå har jeg to små bestemorjenter å strikke til, så jeg må vel snart få pinnene i gir :-)
SvarSlettPludrehanneklem