Fire tenner i manko i løpet av jula. Og ny genser i pluss. Snøløvgenseren er barneversjonen av Marygenseren i førre innlegg.
Eg har strikka genseren av Nepal (det bringebærraude) og Air (det kvite) frå Drops. Vrangbordene på pinnar 4,5, resten på nr 5.
Snøløvgenseren skal eigentleg strikkast på tynnare garn og pinnar 3 og 3,5, så eg måtte trikse og mikse litt for å få rett storleik med tjukkare garn.
Trur eg landa på str 8-10 år, genseren er ikkje meir enn akkurat passeleg til sjuåringen.
Vermessig avsluttar vi 2015 med mildver og null snø.