Kjolen er strikka av garn frå Pickles: Pure Thin Alpaca i fargen oliven og Pure Wool i fargen jalapeno.
Kjolen er strikka frå halsen og ned med dobbel tråd og pinnar nr 4. Overdelen er i alpakka, medan resten er ein omgang alpakka, ein omgang ull i repitisjon.
Oppskrift? Tja, eg likar å strikke litt på måfå: Eg la opp 66 maskar, sette maskemarkørar slik at eg hadde 11 maskar på kvart erme og 22 maskar på fram- og bakstykke. Så auka eg før og etter markørane på annankvar omgang til overdelen var lang nok til min 6-åring. Sette så ermemaskane på ein tråd, la opp åtte maskar i kvar side, og strikka så til kjolen var lang nok. Eg auka nokre gongar i kvar side. Eg felte av med icord. På ermane strikka eg til slutt fire omgangar rillestrikk, før eg felte av med icord også der.
Eg brukte til saman100 gram Pure Wool, og 200 gram alpakka.
6-åringen fekk velje knapp sjølv, og då vart det ei slags rosa marihøne på grøn bakgrunn.
Nydelig kjole! Herlige, sommerlige farger :)
SvarSlett