Denne islandsgenseren heiter Riddari. Oppskrifta fann eg i boka Islandsk strikk. Her er meir informasjon.
Eg valde å strikke genseren i tre gråfargar og ein grønfarge frå Nepal, Drops. Genseren er strikka på pinnar nr 3,5 og 4,5.
Rundefelling er veldig ok, må eg seie. Lite montering og fin passform, og så går det raskt unna når ein først startar på berestykket.
Brota startar med nokre omgangar rett, før det er vrangbord to rette og to vrange.
Eg strikka str. L.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar