Smått og søtt er vel rette skildringa av denne babyjakka. Oppskrifta er å finne i den nyaste Klompelompeboka og jakka heiter Lille vinterkonglejakke.
Eg har brukt Pickles Pure Wool- eit garn som er utruleg godt å strikke av. Etter vask vert plagget mjukt og godt. Fargane er Tranebær nr 106 og Malte mandler nr 158.
Eg strikka str 3 mnd. Pinnar nr 2,5 på vrangbordene, nr 3 på resten. Jakka er strikka frå halsen og ned.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar