Kastanje-genseren frå Skappel har fine haustfargar! Det er nok minst eit år sidan eg kjøpte oppskrift og garn til denne genseren, men det er altså først no eg har strikka den.
Genseren er strikka på pinnar nummer sju i garnet MYK. Eg strikka str M og genseren er ganske stor. Meir om Kastanje her.
Halsen er litt for vid, så her må eg nok til med nokre fastmaskar for å stramme inn litt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar