Endeleg! Fjorårets julegåve til systera mi er ferdig! Ho fekk eit "seikvaegskalstrikketildeggåvekort" i julegåve, og då ønske ho seg denne genseren. Den heiter Ingrid Pullover og oppskrifta er å få kjøpt på Ravelry.
Eg strikka str M (det er fjortenåringen min som står modell her), så eg håper genseren kjem til å passe. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3,5, resten på pinnar nummer fire.
Fargane er ein blåkopi av Iilalu sin versjon, som også ligg på Ravelry. Garnet heiter Swans Island All American Sport, som er laga av 100 prosent ull. Botnfargen heiter Cloud, det oransje heiter Poppy. Den lilla heiter Crocus, det kvite Ecru og den gråblå heiter Storm.
Snedig løysing på brotet: halve genseren har vrangbord, den andre halvparten har rillestrikk.
Halsen blei litt vid, så den er stramma inn med ein omgang fastmaskar.
Garnet er litt melert, noko som gir ein fin ekkekt.