Søtare enn dette er vel knapt mogleg å bli for ein genser. Storleiken er rundt 1 år, og eg har brukt Lanett babyull. Genseren er strikka på pinnar nummer tre.
Prøvde å leike meg litt med dei ulike fargane, litt usikker på om det fungerer. Hadde kanskje vore ok å strikke heile mønsteret i kvitt og heller spare den lysaste rosa til halsen? Vel det svaret får eg ikkje, for no er genseren ferdig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar