30. januar 2016

Somewhere over the rainbow.....

Uveret Tor har herja frå seg og etterlet seg eit fint snødryss.  Dermed var det endeleg lyst nok til å ta bilde av nyaste strikkakjolen.
Kjolen er strikka frå halsen ned på pinnar nummer 3,5.   Det grå er Pickles pure wool, fargen heiter Røyksignal.  Og regnbogefargane er Kauni EQ.  Fantastisk å kunne strikke eit plagg med så mange fargar utan å feste meir enn 4-5 trådar!
Berestykket er strikka fram og tilbake, slik at det vart riller. Kjolen er open på venstre skuldar og har fått fem treknappar forma som soler der.


Den observante lesar vil legge merke til at kjolen og lua har det same mønsteret. Jepp, eg vart inspirert av To vrange si Dottylue og har altså brukt prikkemønsteret på kjolen også.


8 kommentarer:

  1. For ein flott strikkakjole og hue.
    Fine jente også !
    Anne-Mari K

    SvarSlett
  2. Veldig veldig fin kjole! Så herlig med de fargeskiftene!

    SvarSlett
  3. Maria Lovisa Kjartansdottir
    Så fin denne kjolen er, ligesom allt ditt strikke arbejde er :)
    Er der opskrift til kjolen ?
    Det mislykkedes at sætte kommentar den første gang med navn så jeg slettede den ..... Bedste hilsen Maria

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Maria! Nei, eg har ikkje strikka etter oppskrift. La opp seksti maskar, delte inn ti maskar til kvart erme og tjue maskar til for- og bakstykke. Auka så ved kvart merke annankvar omgang.

      Slett
  4. Fantastisk kjole! :) Blir så glad av fargene.

    SvarSlett
  5. Kjempe nydelig kjole. Også så pent og jevnt du strikker. Flott arbeid.

    SvarSlett
  6. Kjempefin kjole. Hvor mye garn til 4 år tror du. Sitter bestandig igjen med altfor mye.finnes mønster noe sted?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tja, vil du det held med 100 g pickles pure wool og under eit halvt nøste med Kauni.

      Slett