25. desember 2012

Nøstebarntunika

Då er det endeleg mogleg å vise fram det eg gav vekk i julegåve!  Dette er ein tunika, strikka etter oppskrift frå Nøstebarn. Str S, strikka på pinnar nr 6 med totrådsgarn frå Nøstebarn.

Mystisk liten knapp på venstre skulder......

.... der det står volding.  (Mottakaren er frå Volda)

Detaljar.


Og som vanleg dukka Tarzan opp til fotografering.

22. desember 2012

God jul!

 
Rart:når ein eigentleg burde rydde, støvsuge, vaske og bake, ja, då dukkar det opp andre gjeremål som er mykje meir forlokkande.  Dette bjørkehjartet laga eg i dag av bjørkegreiner, ståltråd og nokre garnpompongar.
Pompongane er laga av nokre restar Nøstebarngarn og ved hjelp av ein gaffel (!). Ideen fann eg på Nøstebloggen. Eg har festa dei til bjørkegreiene med lim, så eg er spent på om dei kjem til å sitje fast utover i jula.
No kjem jula, uansett om eg er ferdig med rydding og vasking og baking.
God jul!

19. desember 2012

Uglelue

Denne oppskrifta fann eg på nettsida ravelry. Rett og slett kjempefestleg! Pinnar nr 6, eit nøste Nepal frå Drops og nokre timars arbeid og vips! så var lua ferdig.
Lua skal gjevast vekk til ei som jobbar i barnehage.

10. desember 2012

Brun hals

 Eit halvhjarta forsøk på å rydde i garnlageret stoppa raskt.  Årsak: eg fann eit hespe med økologisk ull frå Järbo som straks måtte brukast:-) (Rart- det har lege på lageret i minst fem år...)
Vel, det vart ein hals.  Strikka fram og tilbake på pinnar nr 6. Eg la opp 40 maskar og strikka til det var tomt for garn (dvs 150 gram).

21. november 2012

Alpakkahals

Ein liten hals, strikka i alpakka frå Drops. Eg brukte pinnar nr 4,5 og la opp 180 maskar.  Strikka rundt tre rett og ein vrang.  Flytta mønsteret ein maske til venstre annankvar omgang.   Eg brukte ca 75 gram garn og halsen kan snurrast to gongar rundt halsen.

17. november 2012

Rosenborggensar


Frekt og freidig har eg brukt mønsteret til Osloanorakken (frå Pickles) til å lage ein Rosenborggensar.  Svart og kvit Lima frå Drops er brukt, det gjekk med ganske nøyaktig tre nøster (150 gram) av kvar farge. Pinnar nr 4,5.
Detalj: RBK er brodert med maskesting.  Og det måtte sjølvsagt vere fotballknappar på eit sånt plagg!

Så molefonken blir ein Høddsupporter når ho blir tvinga til å prøve ein RBK-gensar,  berre fordi mora har lyst til å sjå korleis gensaren ser ut PÅ, liksom.

Eg strikka str 3-4 år.  Osloanorakken er forresten eit fantasisk plagg: fin fasong, kjekk å strikke og enkel å variere i fargane.

7. november 2012

Og elles då?

Det er alltid gøy å lage slike ordknappe vestar:-)  Denne gongen vart det ein vest med spørsmålet 
Og elles då?
 
 Vesten er strikka på pinnar nr 3 i totrådsgarn frå Nøstebarn.  Str 0-4 mnd, vil eg tru.