3. desember 2013

Uglevottar

Desse fantastiske vottane er nesten for fine/tøffe/kule til å vere sanne! Dei er designa av Jorid Linvik og oppskrifta får du kjøpt her: http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html
Eg har brukt same garn som tilrådd i oppskrifta: koksgrå og lys grå Sisu. Vottane er strikka på pinnar nr 2,5. 

30. november 2013

Hønsestrikk

Det tok nesten tjue år (!!!?) å få ferdig denne genseren. Eller- eg strikka bol og ermar ein gong på 90-talet. Så vart det lagt til side, kanskje fordi eg ikkje gadd å montere akkurat då? Vel, genseren dukka nyleg opp att, og eg brukte berre eit par timar på å sy i ermane og ordne kragen....
Eg hugsar ikkje kven genseren var tiltenkt i utgangspunktet, men eg gjettar eit tantebarn (som sjølvsagt ikkje lenger har bruk for eit plagg i str ca 2 år:-))
Det er altså restegarn som er brukt, truleg Heilo, Peer Gynt og liknande. Så no må eg finne ein verdig mottakar!

22. november 2013

Rillejakke


Dette var eit relativt raskt prosjekt: rillejakke frå Nøstebarnboka. Eg har ikkje brukt originalgarnet, men Nepal frå Drops. Rundt kantane hekla eg fastmaskar.
Str 2 år. Og knappane er absolutt prikken over i-en:-) Kjøpt på etsy.com for ganske lenge sidan.




4. november 2013

Fuglevottar

Fugleinteressert venninne med burgunder som yndlingsfarge. Kva passar vel betre i gåve enn dette votteparet?
Mønsteret er henta frå ravelry.com: http://www.ravelry.com/patterns/library/bird-mitten-chart
Eg har brukt pinnar nr 3, og garnet er Panda babyull (det kvite) og Inka (det burgunder).

Ser du fuglane:-)?

27. oktober 2013

Sjømannsvottar


Stundom får eg spørsmål om å strikke for andre. Det tek eg som ei tillitserklæring:-)  Desse vottane er altså strikka på bestilling. Vottar til ein sjømann. Kompassroser og styrbord- og babordvott.
Tomlane har fått farge etter lanternelysa.  Vottane er strikka i Trysil på pinnar 2,5 og 3.  Mønsteret er henta herifrå:  http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html



26. oktober 2013

Artig skrue-hettelue


Denne lua frå Pickles (http://www.pickles.no/artig-skrue- hettelue/har lenge stått på skal-snart-strikke-lista mi.  Femåringen er vel snart for stor for slike luer, men denne fall faktisk i smak.  
Det gule er babymerino frå Pickles, det brune er alpakka frå Drops. 
Heile lua er strikka i dobbel tråd på pinnar nr 5.



4. oktober 2013

Veldig enkel vest

To kveldar med pinnar nr ni resulterte i ei kjapp bursdagsgåve. Ein enkel vest av ein tråd Alpaca boucle frå Drops og ein tråd babyalpakka frå Rowan. Dette gjekk veldig raskt unna!
Fargane er vanskelege å få fram i haustmørket, men eg har altså brukt ein tråd grå og ein tråd støvrosa.
Ca str 6 år, strikka etter innfallsmetoden- men inspirert av Pickles sin enkel vest.
Knappen er handplukka av femåringen, som skal gje vesten i gåve i morgon.