11. mai 2019

Høddgenser i jubileumsåret

Idrettslaget Hødd vart stifta i 1919 og fyller dermed 100 år i år. Mannen er djupt engasjert i klubben og var brått interessert i at eg skulle strikke genser til han.
Det måtte sjølvsagt bli ein Hødd-genser, med Hødd og årstala på framsida, og slagordet Liten, men stor på ryggen.
Genseren er Mariusinspirert og er strikka i Smart frå Sandnes. Eg brukte pinnar nummer 3 på vrangbordene, 3,5 på resten. 
Genseren er i str XL og det gjekk med fjorten nøster av det blå garnet, og nesten to nøster kvitt. 

7. april 2019

Sonjavottar


Har du sett noko så søtt?
Oppskrifta på Sonjavotten, designa av Tonje Haugli, kan kjøpast på ravelry.com. Eg brukte pinnar nummer 2,5 og totråds garn frå Nøstebarn.

3. april 2019

Flora og Vimselue

Luer er eigentleg raskt strikk. Men desse to strikkepakkane har eg hatt liggande sidan eg kjøpte dei på strikkefestivalen i Bergen hausten 2017.... 
Dette er Flora frå Knit Me. Den er strikka av Knit Me Merino på pinnar nummer 3,5. Mønsteret er veldig enkelt og litt tidkrevjande- men det vart veldig fint! 

Lue nummer to heiter Vimselue, også den er frå Knit Me. Garnet også i denne er Knit Me Merino, og her er det altså to rosafargar. Flettemønsteret er slett ikkje vanskeleg, men veldig tidkrevjande. Fint blei det i alle fall! 
Dusken er festa med ein trykk-knapp. Eg strikka str 3-6 år. 

31. mars 2019

Tovavottar

To kjappe vottepar: begge er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes. Mariustvottane er til herre, dei rosa til dame.

4. mars 2019

Gul lue

Eg sat igjen med ein del garn etter å ha strikka Norsk skoggenser. Nytta høvet til å strikke ei gul lue. Pinnar nummer seks, dobbel tråd Rauma finullgarn- det gjekk unna i ein fei.


3. mars 2019

Restevottar

Her vart det eit par kjappe vottar, strikka av restegarn etter Henniegenseren. Eg brukte pinnar nummer seks og tova dei på kortvask, førti grader. Garnet er altså Lettlopi.

21. februar 2019

Hennie

Det er noko eige med islandsk ull! Denne genseren heiter Hennie og er strikka i Lettlopi. Oppskrift og garn er kjøpt hos garnmani.no. Eg valde å bruke fargane som er brukt i jakkeversjonen.
Eg strikka str Large. Genseren er strikka frå halsen og ned.