Eg kjem stadig tilbake til denne oppskrifta: vesten Milo. Denne har eg strikka i Baby Merino frå Drops, pinnar nr 3,5. Strikka i str 1 år, men sidan eg har brukt tynnare pinnar og garn enn det eigentleg skal vere- vil nok denne passe til ca 3 mnd. Denne blir gåve til ein nyfødd liten herremann:-)
Eit par sovevottar til tanteungen på 1 år. Gode å ha i vogna! Brotet er strikka i babyull frå Dale. Resten er strikka i Tove på pinnar nr 5. Vottane er tova på 60 grader. Oppskrifta er her.