Sjølv om eg er fødd og oppvaksen på den snøfattige sunnmørskysten, har eg - som dei fleste andre her i landet- eit forhold til Holmenkollen. Og i denne votten har eg prøvd å putte inn mykje av det eg knyter til Holmenkollen: norske flagg, snø, stilkarakterar, skihopp, v-stil, bikkja i bakken, Oslo....
På undersida har bikkja i bakken sett eit poteavtrykk:-) Og på tommelen står det OSLO, kransa av små, raude hjarte.
Bakken vart opna i 1892, det står nedst på votten. Skihopparen trur eg hoppar i den klassiske stilen, medan stilkarakterane viser 19, 18, 18,5, 19,5 og 20.
Botnmønsteret er snøkrystallar, som saman dannar nok snø i bakken.
Votten er strikka i Sisu (det raude), Daletta (det kvite) og minialpakka frå Sandnes (det blå).
Og korleis det gjekk med konkurransen? Vel, eg vann ikkje- for nokre dagar sidan fekk eg vott og mønsterark i retur. Vinnaren blir publisert i Hjemmet i midten av februar, så det gler eg meg til å sjå!
Hei Linda,
SvarSlettSå stilig votter, likte spesielt godt den lille poten på innsiden.
Ønsker deg en god helg!
Mvh
Marianne
De var knallfine.Og som du skriver du har fått med det mye av hva som skjer i Holmenkollen.
SvarSlettWow de der var helt kanon rååååå. Helt perfekte Holmenkollvotter. Kjempe bra jobba. Kan ikke skjønne at noen kan overgå dette så blir spennende å se vinnermønsteret.
SvarSlettKjempeflotte votter
SvarSlettSelv om du ikke vant så har du lagd en skikkelig fin kollenvott!
SvarSlettDe ble jo kjempe fine! Imponert over mønstermekkingen! Likte også baksiden veldig godt, fine detaljer:) Lykke til!
SvarSlettDe ble jo utrolig flotte:-)
SvarSlettWow, disse var kjempeflotte!
SvarSlettFlink du er!