Dressen har vore ferdig ei stund, men fekk knappar først i går.. (Merkeleg korleis knappar fort kan vere eit stort tiltak å få sydd i:-)) Eg har strikka dressen frå halsen og ned på pinnar nr 4 i dobbel Drops babymerino. Og oppskrift? Tja, eg brukte metoden "Plagget blir til medan eg strikkar."
På berestykket og nedst på ermar og føter er det rillestrikk i fargane blå, turkis og grøn.
Merinoplagg vert veldig mjuke og kløfrie, men sig noko forferdeleg etter vask. Difor må denne tørkast flatt, elles fryktar eg den får lengd som passar ein 10-åring i staden for ein 1-åring!
Litt for store knappar, kanskje..?