Nyleg kom det ut ei e-bok med votteoppskrifter, inspirert av diverse eventyr. HER kan du lese meir. Eitt av vottepara heiter Nøkken.
Her er min Nøkkenversjon, strikka i str 6-8 år i garnet Tumin frå Rauma. Eg brukte pinnar nr 2,5 heile vegen.
Eg vedgår at eg ikkje følgde prikkemønsteret slavisk, men strikka ein prikk her og ein prikk der heilt vilkårleg. Oppskrifta var elles grundig og godt forklart.
- VARME!, var kommentaren frå modellen.
Så fine de ble! Og flotte bilder! Veldig bra at du strødde prikkene tilfeldig, det gjør det mye greiere å strikke.
SvarSlett