Av og til tek eit strikkeprosjekt mykje tid. Denne genseren er resultat av ei julegåve eg fekk for to år sidan, i 2014. I pakken låg det garn, oppskrift på den såkalla Norgesgenseren og ein lapp med teksta "God jul kjære svigerinne. Julegåva til deg håper eg å få i retur ferdig strikka som julegåve neste år."
Det var altså ein av svogerane mine som ville ha strikkagenser. Genseren skal eigentleg strikkast i Falk eller Heilo frå Dalegarn, men han hadde valt alpakka frå Sandnes. Eg måtte prøve meg litt fram for å få rett storleik (XL). I tillegg laga eg raglanfellingar i staden for isydde ermar- sidan eg ikkje likar å sy/klippe i alpakkastrikk.
Vel, genseren vart ferdig til slutt- eit år seinare enn planlagt. Vrangbordene er strikka på pinnar nr 3, resten på pinnar nr 3,5.
Hette!
Norgesgenseren er vinnarbidraget i ein konkurranse Norsk Ukeblad arrangerte for tre år sidan. Mønsteret er inspirert av fjell, sjø og snø. Meir om genseren og alle oppskrifter finn du her.