Vi har vorte velsigna (?) med mykje snø her på Sunnmøre, så det er god marknad for tova vottar. Tolvåringen bestilte vottar til seg sjølv og to venninner: alle ville ha lysegrå med kvitt mariusmønster, men brota skulle vere ulike: rosa, grønt og blått.
Bilda vart knipsa med mobil i full fart før vottane fauk ut døra for å gå på ski til skulen.
Dette paret, lysegrått med jeansblått brot, forsvann også ut døra så fort det var tørt etter tovinga i maskin på 40 grader.
Alle fire para er strikka av Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nr 6.
IMPONERENDE
SvarSlettGa meg etter 2 par, da orket ikke jeg mere ;)
Har hørt om all snøen dere har fått. Store nyheten det "heimafrå"
Kos dere så lenge det varer :D