For eit par år sidan var eg med i ein konkurranse om å designe ein Holmenkollvott. Det kan du lese om her:http://lindeik.blogspot.no/2014_01_01_archive.html
Eg vann ikkje, og gløymde eigentleg heile votten. Men for nokre veker sidan fekk eg telefon frå ein svært hoppinteressert mann på Austlandet, som hadde forelska seg heilt i mønsteret mitt. Han lurte på om eg kunne strikke eitt og kanskje to par slike vottar til han. No er det første paret ferdig og på veg til mottakaren. Eg kryssar fingrane for at dei passar!
Vottane er strikka av Rauma finull på pinnar nr 2,5. Mønsteret har stor detaljrikdom, så sjølv med så tynne pinnar skal desse passe ei herrehand. På tomlane står det Oslo, kransa av raude hjarte, og potesporet kjem sjølvsagt frå bikkja i bakken. På framsida ser du ein hoppar, snø og fire stilkarakterar.
Fantastisk !!
SvarSlettTakk!
SlettSå flott design! Morsomt å få slike bestillinger :)
SvarSlettTakk!
SlettDe var vakre, har aldri sett noe liknende. En heldig mann som får disse vottene. :) Har du tenkt å dele/selge mønsteret noe sted, for eksempel på Ravelry? Fortsatt god påske!
SvarSlettTusen takk! Har førebels ikkje tenkt å legge ut mønsteret, men kanskje seinare ein gong:-)
Slett