Jakka er strikka i favorittgarnet mitt: totråds merinoull frå Nøstebarn. Fargane er 892 naturgrå, 893 skifer og 882 gul. Sistnemnde skal visst ut av sortimentet.
Eg har brukt oppskrift frå heftet Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsøe. Jakka er strikka frå halsen og ned på pinnar nummer 3, og sidan eg strikka den litt lengre både her og der, meiner eg denne skal passe ca str 6-9 mnd.
Ryggen
Ermdetalj
Eg diskuterte lenge med meg sjølv om eg skulle gå for gule eller grå knappar. Landa altså på gule og trur eg er fornøgd med det.
Jakka fer straks ut døra som gåve til ein som snart vert fødd.
Aldeles nydelig, det er aldri feil med gult!
SvarSlettGenialt å begynne i halsen. Takk til alle de danske designerne som har åpna øyan vårres for det :)
Takk! Du har heilt rett i at det er genialt å starte i halsen:-)
SlettSå utruleg fin!
SvarSlettTusen takk:-)
SlettSå fine farger, elsker rilletrøjemønsteret!
SvarSlettDette ble rett og slett en vakker, men samtidig tøff fargesammensetning. Nydelig gave!
SvarSlett