Enkel vest frå Pickles er nettopp det: enkel. Desse to strikka eg på eit par dagar, då det dukka opp behov for gåve til ei nyfødd jente. Då eg først var i gang, strikka eg ein vest til storesystera også.
Vestane er strikka av ein tråd Nepal og ein tråd totråds merinoull frå Nøstebarn. Eg brukte pinne nr 6. Den rosa er i str 1 år, den lilla i str 4 år.
Å blande Nepal og Nøstebarngarn gir ei fin melering.
Enkle og søte vester!
SvarSlett