Eg er ingen syar. Likevel er sying noko av at det artigaste eg veit! Som regel syr eg berre om somrane og førebels er eg veldig einspora: eg syr kjolar. Tradisjonen tru har eg også denne sommaren sydd kjolar til yngstejenta.
Mange vil nok kjenne igjen mønsteret på stoffet. Jepp, dette er eit Katvigstoff. Eit godt brukt juniordynetrekk har fått nytt liv som mjuk og romsleg kjole, og skal få lufte seg både i London og Oslo dei næraste vekene.
Kjolen er sydd av fire delar: forstykke, bakstykke og to ermar. I halsen er det løpegang med strikk. Eg diggar å sy av brukte dynetrekk, rett og slett fordi stoffet er så mjukt og fordi eg likar gjenbruk. Og så er det kjempepraktisk med plagg som kan vaskast på seksti grader!
Kjolen er i cirka str 10 år, og det er igjen nok stoff til å sy ein litt mindre kjole.
Katvig har laga sengesett i dette mønsteret i mange fargar, det finst i til dømes blått, grønt, brunt, raudt og gult.
Godkjent!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar