Dette var ein lettstrikka genser! Skog-genseren er eit samarbeid mellom Cecilie Skog og Sandnesgarn. Eg har strikka den i fargen lys blå nr 5521 i garnet Kos- etter ønske frå mottakaren.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på pinnar nummer 6. Eg strikka str XS, og det passa perfekt. Inntrykket er at storleikane er ganske romslege.
Garnet er ok å strikke av og genseren kan ifølgje mottakar vere rett på huda utan at det klør.
Ser du trea/skogen i mønsteret..?
Mønsteret på rundfellinga synest eg var enkelt og greitt, og oppskrifta var lett å følgje.
Kjempefin genser som passer jenta perfekt :)
SvarSlett