Som perler, eller bleiebukser, på snor. Ny tanteunge er i kjømda (hurra!!), og han/ho ønskjer seg visst bleiebukser. Denne modellen heiter Curlypurly og er eit gratismønster på ravelry.com.
Dette er den minste, sånn cirka i str røyskatt (nydfødd). Strikka i Sandnes alpakka.
Denne er også strikka etter nyføddstorleik, men i litt tjukkare garn (Heilo frå Dale) enn den første.
Denne er også strikka i alpakka.Og så vart eg lei av å strikke einsfarga:-) Denne Mariusversjonen vart ganske frisk! Og her har eg kanskje laga ein Mariusversjon ingen andre har laga før?? Str ca 3 mnd, strikka i alpakka frå Sandnes.
Her sneik det seg inn nokre Fanainspirerte border. Strikka i Heilo og alpakka.









































