10. april 2020

Episode 2: Mariusgenser med ny vri

Okei, eg lovde at det skulle kome ein episode 2 om mariusgenseren med ny vri (dobbelt garn og tjukke pinnar). Her finn du Episode 1. Altså: elleveåringen fall fullstendig for den første genseren, den som tanta skulle få. Og sidan eg hadde masse garn igjen, hadde eg ikkje noko argument for å sleppe å strikke ein genser til.
Også denne er strikka i ein tråd Pus frå Du store alpakka og ein tråd alpakka frå Sandnes Garn. Eg følgde oppskrifta til str S. Pinnar: 8 og 9.
Mottakaren vart strålande fornøgd i alle fall!



9. april 2020

Episode 1: Mariusgenser med ny vri

Eg har ikkje tal på kor marius-plagg eg har strikka, det er eit mønster eg aldri blir lei av. Så då det nyleg kom endå ein ny variant, på tjukke pinnar, frå Sandnes Garn, måtte det sjølvsagt testast.
Genseren skal eigentleg strikkast i éin tråd Børstet Alpakka og éin tråd Kos. I garnlageret mitt finst ikkje desse garntypane, så då brukte eg heller Pus frå Du store alpakka og Alpakka frå Sandnes Garn. Fargenummeret på Pus-garnet var 4004, medan alpakkagarnet var farge nummer 6081 (djup blå).
Eg strikka etter den minste storleiken (S), som skulle få ei overvidde på 108 cm. Vrangbordene er strikka på pinnar 8, resten på pinnar nummer 9. Med så tjukke pinnar går det raskt unna!
Eg strikka både ermar og bol litt lengre enn det oppskrifta sa, og det vart veldig ok. Elleveåringen melde seg frivillig til å stå modell då genseren skulle fotograferast før den skulle sendast til mottakaren. 
Ho fall fullstendig for genseren, og difor kjem det snart ein episode 2- der ein ganske lik genser er involvert....

8. april 2020

3xNoragenser

Eg har (kremt) eit velfylt garnlager- og er glad for det. Desse tre genserane er alle strikka av lagergarn.
Mønsteret heiter Noragenser og kjem frå Guttenogstrikkemor. Originalgarnet er merinoull frå Sandnes Garn, eg har brukt alpakka frå same produsent. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3, resten på pinnar 3,5. Garnet er fantastisk mjukt, men ikkje det lettaste viss målet er å få til jamn mønsterstrikk- då er nok merinoull betre eigna.
Denne rosafargen er utruleg fin! Den heiter mørk gamalrosa og har fargenummer 4244. Det brune er nummer 2652, medan "lusa" er strikka av kvitt garn nummer 1001. Gråfargen som er brukt på den midterste genseren er nummer 1042. Den minste genseren har same brunfarge som dei to andre, i tillegg til rosa nummer 3511 og kitt nummer 1015.
Mønsteret finst i str frå 1 til 8 år. Den grå genseren er strikka etter 8 år, medan eg auka masketalet litt for å få den rosa ca i str 10 år. Den minste vil eg seie er i str 6-9 månader.
Bilda blei tekne i hui og hast i stiv kuling for eit par veker sidan- og er no trygt framme ho tre tanteborn lengre sør på Vestlandet.

16. februar 2020

Føyka

Denne genseren heiter Føyka, og er å finne i boka Villmarksgensere av Linka Neumann, som kallar seg Valleyknits i sosiale medium. Eg har tidlegare strikka Norsk skoggenser frå same designer.
Eg har brukt Blåne pelsull frå Hillesvåg, kjøpt under Bergen Strikkefestival i fjor haust. Det er tre ulike fargar: naturgrå, mellomblå og lys dongeriblå. Her kan du sjå alle fargane garnet finst i.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på pinnar nummer seks. 
Det skal eigentleg vere høg hals på genseren, men det er eg ikkje så glad i. Difor valde eg å felle av med icord då mønsteret var ferdigstrikka.
Resultatet er ein nydeleg mjuk og varm genser! Pelsullgarnet frå Hillesvåg var ei ny og positiv oppleving.



6. februar 2020

Trær

Puh, dette var ein ganske langdryg affære: Trær-genser frå kolleksjonen Sandesgarn har laga i samarbeid med Cecilie Skog.
Genseren er strikka i originalfargane: rustbrun og kitt Babyull Lanett. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 2,5, resten på pinnar nummer 3.
Mottakar ønskte seg str XS, men med ekstra lengde på ermane.  
Veldig fint mønster, men det tek si tid å strikke: ikkje éin omgang utan mønster og ganske tynne pinnar. 


28. desember 2019

På Marius-køyret igjen....

Det har nesten vorte ein tradisjon: i tida før jul lagar eg tova Mariusvottar. Eg finn stadig nye personar eg kan "prakke" på eit slikt vottepar, he he. I år blei det tolv par vottar og seks par Mariustøfler. Tøflene rakk eg ikkje ta bilde av før dei vart pakka inn.  Votteoppskrifta finn du her. Og oppskrifta på tøflene ligg her.
Alt er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nummer seks. 





26. desember 2019

Retrojakke

Eg har ein del Nepal frå Drops liggande, og då eg skulle strikke julegåve til mora mi-fall valet på retrojakka. (Sekstenåringen stilte opp som modell før jakka vart pakka inn.)
Oppskrifta er i boka Strikk med raske pinner, som Kristin Wiola Ødegård gav ut i 2013. Eg brukte to gråfargar, natur og tre rosafargar. Jakka er kjapp å strikke, sidan det blir brukt pinnar nummer seks.

Eg strikka str S, og i følgje rapport frå mottakaren, passa jakka perfekt.