18. februar 2014

Marius- igjen

Eg vert aldri lei Mariusmønsteret! Genseren her skal sendast til ein sjarmør som straks fyller tre år- han fekk ein slik også då han var eitt år.
Eg har brukt Sandnes alpakka og pinnar nr 2,5 og 3,5. Str 4 år, så då passar den vel ei stund.


3. februar 2014

Hjartetunika

Denne tunikaen vart til av restar frå tunikaen i eit tidlegare innlegg, og er kraftig inspirert av dette innlegget i ein av mine favorittbloggar, To vrange.
Eg har brukt Kauni; koksgrå og EA(lange fargeskift i rosa, lilla, grøn og blå).   På dette plagget synest eg det vart finast å stoppe før eg starta på det grøne- då vart hjarta i rosa- og lillasjatteringar. 

Tunikaen er strikka frå toppen og ned på pinnar nr 3,5.  Eg la opp 60 maskar og delte inn på følgjande måte med maskemarkørar: 20 maskar til bakstykke, 20 maskar til framstykke og ti maskar på kvar erm.  Så auka eg ein maske på kvar side av markørane på annankvar omgang til eg synest det såg langt nok ut. Sette så ermemaskane på trådar og strikka ferdig bolen. På ermane hekla eg til slutt ein kant med fastmaskar (for eg hadde ikkje nok garn til å strikke ein rillekant..)
Denne gongen var val av knapp enkelt: hjartetunika MÅ ha hjarteknapp! 
Etter ein omgang på silkevask vart tunikaen veldig mjuk.  Str ca 18-24 mnd.  Og er allereie overlevert til ei herleg jente eg er så heldig å vere tante til:-) 
(Tarzan dukka sjølvsagt opp då det var fotografering.  I nabolaget går han under namnet Mjukepusen- og det er fullt forståeleg. For makan til mjuk og tjukk pels skal du leite lenge etter!)
 

31. januar 2014

Holmenkollvott (eit forsøk i alle fall)

Eg, eit konkurransemenneske??? Vel, i desember lyste bladet Hjemmet ut ein konkurranse om å designe ein Holmenkollvott. Konkurransen var i samarbeid med Skiforbundet, Skiforeningen og Holmenkollrenna. Meir her.
Sjølv om eg er fødd og oppvaksen på den snøfattige sunnmørskysten, har eg - som dei fleste andre her i landet- eit forhold til Holmenkollen.  Og i denne votten har eg prøvd å putte inn mykje av det eg knyter til Holmenkollen: norske flagg, snø, stilkarakterar, skihopp, v-stil, bikkja i bakken, Oslo....
På undersida har bikkja i bakken sett eit poteavtrykk:-) Og på tommelen står det OSLO, kransa av små, raude hjarte.
Bakken vart opna i 1892, det står nedst på votten. Skihopparen trur eg hoppar i den klassiske stilen, medan stilkarakterane viser 19, 18, 18,5, 19,5 og 20.
Botnmønsteret er snøkrystallar, som saman dannar nok snø i bakken.
Votten er strikka i Sisu (det raude), Daletta (det kvite) og minialpakka frå Sandnes (det blå).


Og korleis det gjekk med konkurransen? Vel, eg vann ikkje- for nokre dagar sidan fekk eg vott og mønsterark i retur.  Vinnaren blir publisert i Hjemmet i midten av februar, så det gler eg meg til å sjå!

24. januar 2014

Tunika i Kauni


Ikkje så veldig nyskapande, men denne tunikaen vart ikkje så aller verst. Striper av eit nøste koksgrå Kauni og eit nøste med lange fargeskift vart ganske effektfullt. Stripetunikaen er i str sånn cirka 6 år.
Eg brukte pinnar nr 3,5 heile vegen, starta med halsen og strikka nedover etter eige hovud.  (Vanskeleg å få fram rette fargane- dagslyset er vekk etter jobb og barnehage...)

Eg hadde tenkt at knappen skulle vere bak, men 5-åringen insisterer på å ha den framme.

17. januar 2014

Genseren som ville vere vest

Sist sommar var eg innom Pickles-utsalet i Oslo. Der kjøpte eg sju nøster i sju ulike fargar av Extra Fine Merino-garnet. Altså, kva tenkte eg på eigentleg.....? Vel, først no fekk eg inspirasjon til å bruke det- og valet fall på pilgenseren frå nettopp Pickles. 
Og som de ser- dette er då ingen genser, men ein vest. Årsaka er at mottakaren, ein bestemt 5-åring, undervegs i prosessen fann ut at ho heller ville ha vest.
Herleg fargar, som ein bukett tulipanar!
Str 6 år, ca. Strikka på pinnar nr 3,5.


7. januar 2014

Jakkestart

Kva gjer ein notorisk strikkar når ho skal til Oslo nokre dagar men ikkje har eit strikkeprosjekt på gang? Jau, for å sikre seg eit reisestrikketøy tek ho kjapt tre totrådsnøster og startar på Hverdagsjakka (http://www.ravelry.com/patterns/library/hverdagsjakka).
Det grøne og brune er frå Nøstebarn, det gule er frå Bånsull.
Eg brukar tynnare garn enn det eigentleg skal vere, så eg er litt spent på om jakka kjem til å passe. Heldigvis strikkar eg frå halskanten og ned- dermed går det an å prøve undervegs.

31. desember 2013

Haustjakke

Hm, Pickles igjen, gitt. Denne gongen er det Høstjakke til 10-åringen: http://www.pickles.no/liten-hstjakke
Jakka er ikkje strikka i originalgarnet, men i garn frå Du store alpakka: ein tråd tynn alpakka i mørk lilla og ein tråd Faerytale i mørk lilla.  Heile jakka er strikka på pinnar nr 6. 
Det er alltid vanskeleg å fram lillafargar på bilde, særleg når det er nok ein regntung dag her på Sunnmøre. (Bilda er altså tekne i dag, på nyårsaftan. Mildver, regn og grøne markar på heimstaden min Eikrem i Volda.)
Framstykka er rillestrikka, resten er glattstrikka.


(5-åringen måtte få bli med på eitt bilde..)
Jakka er strikka ovanfrå og ned, og mønsteret finst også i vaksenversjon. Kjempefin passform!
Og sidan dette er siste blogginnlegg i 2013: Godt nyttår, sjåast i  2014!