10. mai 2014

Voldavottar (mitt forslag)

Sånn kan det gå når garnbutikken i heimkommunen set i gang vottekonkurranse midt i førjulsstria. Konkurransen gjekk ut på å komponere Volda-votten, ei utfordring eg ikkje klarte å oversjå. Mitt bidrag vart til i løpet av 2-3 desemberkveldar (medan eg eigentleg burde ha baka og vaska til jul:-).
Hovudmotivet er kommunevåpenet, som viser ein sølvfarga pennesplitt på blå bakgrunn. "Det opplyste bondevelde" var namnet på dette forslaget, då Volda skulle få kommunevåpen for over 25 år sidan. Volda er i resten av landet mest kjend som skulestad, pga høgskulen- der eg jobbar no.
Botnmønsteret kan tolkast på fleire måtar. Kanskje er det V-ar for Volda? Eller måsar på hamna? Eller kanskje det er fiskebeinsspor i skiløypene i det flotte turterrenget i Volda?
På tomlane måtte eg gjere plass til nokre hjarte, som viser at eg er glad i kommunen eg er fødd og oppvaksen i.
Vottane er strikka i Sisu på pinnar nr 2,5, og passar ei lita damehand.

Og korleis det gjekk med konkurransen? Vel, eg vann ikkje i alle fall. Det er visst kåra ein vinnar- men så vidt eg veit er resultatet enno ikkje offentleggjort.

1 kommentar:

  1. Flotte vottar og så sprek du er som hiv deg rundt med slikt rett før jul. Eg stresser med innspurten på strikka julegåver eg då som oftast. :) Imponert! Gjennomtenkt mønster. Ha ein fortsatt fin laurdag.

    SvarSlett