- Kan du strikke ein Mariusgenser til ein russ? Og bli ferdig til 1. mai? Dette spørsmålet fekk eg tysdag i påskeveka. Vel, å strikke og montere ein Mariusgenser i str L på to veker, DET har eg aldri gjort før. Så det måtte prøvast.
Og jammen gjekk det bra. Ermane vart strikka ferdig i løpet av påskedagane. Bolen brukte eg seks dagar (eller stort sett kveldar) på, og sjølve monteringa tok nokre timar siste dagen.
Genseren er strikka i merinoull frå Drops. På så store plagg kan dette garnet gje eit litt slaskete inntrykk- i alle fall viss ein strikkar litt laust/med litt for tjukke pinnar. Eg brukte pinnar nr 3 på vrangbordene og pinnar nr 3,5 på resten, og håper og trur at genseren kjem til å halde fasongen.
Bilda er tekne 1. mai. Eit par plussgrader og sludd, så då treng nok russen ein varm genser.
Wow, det var imponerende! Flott Marius, jeg liker godt de 'originale' fargene, spurte faktisk eldstemann i går om han har lyst på en, han måtte tenke på det….. ha en fin lørdag hos deg, vi skal i konfirmasjon og imorgen reiser vi….
SvarSlettGodt jobba, tror ikke jeg hadde gitt meg ut på noe sånt (og i hvert fall ikke i så stor størrelse)!
SvarSlettGodt jobba!
SvarSlettEg strikka ein i same garnet til frøkna, som er russ akkurat no - men den var ferdig i haust ein gong, og tok nok lenger tid å få ferdig :o)
Puh! For en jobb! Gratulerer med ferdig!
SvarSlett