4. februar 2016

Vottar i gråtonar

Denne gongen vart det eit par herrevottar i tre gråfargar: koksgrå, grå og lys grå. Oppskrifta er den same som før: tova mariusvottar i Fritidsgarn frå Sandnes. Pinnar nr 6.

Vinteren har ikkje tenkt å ta slutt på ei stund, ser det ut til. Snøen har lava ned tung og våt dei siste dagane.  Dermed er det framleis behov for varme vottar!

1 kommentar: