Har du høyrt om den tyske designaren Graziela Preiser? Det ho laga av stoff og sengetøy var svært populært på 1970-talet. No har dottera Nina relansert mønstera, og denne kjolen er sydd av eit slikt byGraziela-stoff.
"Eg likar ikkje oransje, mamma, men eg kan sikkert klare å bruke kjolen." Sjuåringen har endra smak- i mange år hadde ho oransje som sin absolutte favorittfarge. Motstanden mot oransje botnar nok mykje i at erkerivalen på fotballfronten, Aalesund, har oransje drakter...
Kjolen er sydd etter same mal som alle kjolane eg har sydd (never change a winning team..). Forstykke, bakstykke, to ermar og strikk i halskanten.
Vil du lese meir om byGraziela? Du finn heimesida her: http://www.bygraziela.com/?___store=bygraziela_en&___from_store=bygraziela_de
Her seks kjolar samla, tre vart sydde i fjor sommar, to i sommar og den siste er arvegods frå storesystera- sydd for cirka fem år sidan.
Kjolane er suverene til bade bytur og strandtur, dei er mjuke og lette.