Innimellom store prosjekt (herregenserar i str XL) er det herleg å kunne starte på og få ferdig eit strikkaplagg i løpet av eit par dagar. Denne gongen vart det nok ein mariusversjon: str 1 år i fargane grå, kvit og lilla.
Eg har eit mål om å bruke mest mogleg garn frå lageret (kremt, høyrt det før....?), og denne genseren er faktisk strikka av lagergarn. Smart frå Sandnes, pinnar nr 3 og 3,5.
Dette var dei tre bilda eg klarte å ta. Stiv kuling, så genseren bles vekk mellom kvart bilde.
Kjempefin genser. Og det er morsomt med prosjekter som blir litt fort ferdige 😊
SvarSlettSå flott genser. Jeg blir aldri lei av dette mønsteret og vender stadig tilbake til det. Gjorde ferdig en liten mariusgenser i løpet av romjulen jeg også som jeg tok bilder av i går. Kjempe flott plass du har tatt bilder på av din.
SvarSlett