17. mai 2014

Uglelue

Her vart det ei lita uglelue til......Ole Brumm......? Neidå, den joviale bjørnen stilte berre opp som modell for bursdagsgåva.
Denne oppskrifta frå ravelry.com ( http://www.ravelry.com/patterns/library/chouette) er ein stor favoritt på luefronten.  Eg har brukt nesten eitt nøste Nepal frå Drops i str 1-3 år.
Ugla måtte sjølvsagt få auge!
.....og i bakgrunnen lurer - ikkje overraskande- Tarzan...
Og HER er mottakaren, verdas kjekkaste 2-åring som har bursdag på sjølvaste nasjonaldagen!!

10. mai 2014

Voldavottar (mitt forslag)

Sånn kan det gå når garnbutikken i heimkommunen set i gang vottekonkurranse midt i førjulsstria. Konkurransen gjekk ut på å komponere Volda-votten, ei utfordring eg ikkje klarte å oversjå. Mitt bidrag vart til i løpet av 2-3 desemberkveldar (medan eg eigentleg burde ha baka og vaska til jul:-).
Hovudmotivet er kommunevåpenet, som viser ein sølvfarga pennesplitt på blå bakgrunn. "Det opplyste bondevelde" var namnet på dette forslaget, då Volda skulle få kommunevåpen for over 25 år sidan. Volda er i resten av landet mest kjend som skulestad, pga høgskulen- der eg jobbar no.
Botnmønsteret kan tolkast på fleire måtar. Kanskje er det V-ar for Volda? Eller måsar på hamna? Eller kanskje det er fiskebeinsspor i skiløypene i det flotte turterrenget i Volda?
På tomlane måtte eg gjere plass til nokre hjarte, som viser at eg er glad i kommunen eg er fødd og oppvaksen i.
Vottane er strikka i Sisu på pinnar nr 2,5, og passar ei lita damehand.

Og korleis det gjekk med konkurransen? Vel, eg vann ikkje i alle fall. Det er visst kåra ein vinnar- men så vidt eg veit er resultatet enno ikkje offentleggjort.

6. mai 2014

Vendejakke

Eg er svak for det meste frå Nøstebarn- det kjem vel neppe som noka overrasking for dei som følgjer bloggen:-) Nyleg vart det lagt ut ei ny gratisoppskrift, nemleg ei babyjakke strikka i eitt stykke.  Og sidan eg nettopp har vorte tante igjen, passa det bra å prøve oppskrifta.
Jakka er strikka frå framstykke til framstykke, og har ei dekorativ flette på berestykket.

Eg har brukt totråds merinoull frå Nøstebarn i fargen rust, og det gjekk med ca 90 gram garn i str 3-9 mnd.  På knappestolpane brukte eg pinnar nr 2,5, medan resten av jakka er strikka på pinnar nr 3.
Jakka har ei fin passform og eg synest den vart både enkel delikat.  Langs alle kantane har eg hekla ei rad med fastmaskar.

3. mai 2014

Marius på to veker

- Kan du strikke ein Mariusgenser til ein russ? Og bli ferdig til 1. mai?   Dette spørsmålet fekk eg tysdag i påskeveka.  Vel, å strikke og montere ein Mariusgenser i str L på to veker, DET har eg aldri gjort før.  Så det måtte prøvast. 
Og jammen gjekk det bra. Ermane vart strikka ferdig i løpet av påskedagane. Bolen brukte eg seks dagar (eller stort sett kveldar) på, og sjølve monteringa tok nokre timar siste dagen. 
Genseren er strikka i merinoull frå Drops. På så store plagg kan dette garnet gje eit litt slaskete inntrykk- i alle fall viss ein strikkar litt laust/med litt for tjukke pinnar. Eg brukte pinnar nr 3 på vrangbordene og pinnar nr 3,5 på resten, og håper og trur at genseren kjem til å halde fasongen. 
Bilda er tekne 1. mai.  Eit par plussgrader og sludd, så då treng nok russen ein varm genser.

2. mai 2014

Paragrafvottar igjen

Vottesesongen er vel stort sett slutt, så desse må nok vente til neste vinter med å bli brukt. Vottane er strikka på bestilling, og ja- du kan vel sjølv tenkje deg kva profesjon vedkomande utøver:-) 
Eg har strikka omtrent same sort vottar før, dei kan sjå her.  Mønsteret er altså mitt eige, og eg har brukt Daletta frå Dale og pinnar nr 2,5. Eg likar dette garnet veldig godt til vottar- det er i 100 prosent ull og er mjukt og varmt.
Ein stor paragraf på oppsida... 
..og ein liten paragraf på tomlane. 

1. april 2014

Redningsaksjon

Dette er Kosen, teppet eg strikka til minstejenta då ho vart fødd for fem og eit halvt år sidan.  Den (nesten) daglege bruken har sett sine spor, for å seie det mildt.
Teppet er strikka av totråds nøstebarngarn, og er reparert mange gongar. No måtte eg fikse eit par nye hol.

Vel, eg har ikkje meir av originalgarnet, så det vart ein litt annan grønfarge denne gongen. Ikkje vakkert, men det funkar.

Jenta vart i alle fall fornøgd- og tok med seg Kosen då ho la seg i kveld.

22. mars 2014

Bella til Bella

Eg er tante til ei herleg lita Bella. Så kva var då meir naturleg enn å strikke ein Bellatunika til henne?
Oppskrifta er henta frå heftet Børnestrik på pinde 3,5- 4 av Lene Holme Samsøe.  Namnet er altså Bella, og finst både som jakke, vest, genser og tunika.
Eg har brukt 100 gram tre tråds Albulita frå Pickles, pinnar nr 3,5 og strikka etter str 2 år.

Nydeleg bladmønster som slett ikkje er avansert.
Tre katteknappar, og tunikaen kan brukast med knappane anten bak eller framme.