22. mars 2014

Bella til Bella

Eg er tante til ei herleg lita Bella. Så kva var då meir naturleg enn å strikke ein Bellatunika til henne?
Oppskrifta er henta frå heftet Børnestrik på pinde 3,5- 4 av Lene Holme Samsøe.  Namnet er altså Bella, og finst både som jakke, vest, genser og tunika.
Eg har brukt 100 gram tre tråds Albulita frå Pickles, pinnar nr 3,5 og strikka etter str 2 år.

Nydeleg bladmønster som slett ikkje er avansert.
Tre katteknappar, og tunikaen kan brukast med knappane anten bak eller framme.

21. mars 2014

Curlypurly x 5


Som perler, eller bleiebukser, på snor.  Ny tanteunge er i kjømda (hurra!!), og han/ho ønskjer seg visst bleiebukser.   Denne modellen heiter Curlypurly og er eit gratismønster på ravelry.com.  
Dette er den minste, sånn cirka i str røyskatt (nydfødd).  Strikka i Sandnes alpakka.
Denne er også strikka etter nyføddstorleik, men i litt tjukkare garn (Heilo frå Dale) enn den første.
Denne er også strikka i alpakka.
Og så vart eg lei av å strikke einsfarga:-) Denne Mariusversjonen vart ganske frisk! Og her har eg kanskje laga ein Mariusversjon ingen andre har laga før?? Str ca 3 mnd, strikka i alpakka frå Sandnes.
Her sneik det seg inn nokre Fanainspirerte border. Strikka i Heilo og alpakka.

18. februar 2014

Marius- igjen

Eg vert aldri lei Mariusmønsteret! Genseren her skal sendast til ein sjarmør som straks fyller tre år- han fekk ein slik også då han var eitt år.
Eg har brukt Sandnes alpakka og pinnar nr 2,5 og 3,5. Str 4 år, så då passar den vel ei stund.


3. februar 2014

Hjartetunika

Denne tunikaen vart til av restar frå tunikaen i eit tidlegare innlegg, og er kraftig inspirert av dette innlegget i ein av mine favorittbloggar, To vrange.
Eg har brukt Kauni; koksgrå og EA(lange fargeskift i rosa, lilla, grøn og blå).   På dette plagget synest eg det vart finast å stoppe før eg starta på det grøne- då vart hjarta i rosa- og lillasjatteringar. 

Tunikaen er strikka frå toppen og ned på pinnar nr 3,5.  Eg la opp 60 maskar og delte inn på følgjande måte med maskemarkørar: 20 maskar til bakstykke, 20 maskar til framstykke og ti maskar på kvar erm.  Så auka eg ein maske på kvar side av markørane på annankvar omgang til eg synest det såg langt nok ut. Sette så ermemaskane på trådar og strikka ferdig bolen. På ermane hekla eg til slutt ein kant med fastmaskar (for eg hadde ikkje nok garn til å strikke ein rillekant..)
Denne gongen var val av knapp enkelt: hjartetunika MÅ ha hjarteknapp! 
Etter ein omgang på silkevask vart tunikaen veldig mjuk.  Str ca 18-24 mnd.  Og er allereie overlevert til ei herleg jente eg er så heldig å vere tante til:-) 
(Tarzan dukka sjølvsagt opp då det var fotografering.  I nabolaget går han under namnet Mjukepusen- og det er fullt forståeleg. For makan til mjuk og tjukk pels skal du leite lenge etter!)
 

31. januar 2014

Holmenkollvott (eit forsøk i alle fall)

Eg, eit konkurransemenneske??? Vel, i desember lyste bladet Hjemmet ut ein konkurranse om å designe ein Holmenkollvott. Konkurransen var i samarbeid med Skiforbundet, Skiforeningen og Holmenkollrenna. Meir her.
Sjølv om eg er fødd og oppvaksen på den snøfattige sunnmørskysten, har eg - som dei fleste andre her i landet- eit forhold til Holmenkollen.  Og i denne votten har eg prøvd å putte inn mykje av det eg knyter til Holmenkollen: norske flagg, snø, stilkarakterar, skihopp, v-stil, bikkja i bakken, Oslo....
På undersida har bikkja i bakken sett eit poteavtrykk:-) Og på tommelen står det OSLO, kransa av små, raude hjarte.
Bakken vart opna i 1892, det står nedst på votten. Skihopparen trur eg hoppar i den klassiske stilen, medan stilkarakterane viser 19, 18, 18,5, 19,5 og 20.
Botnmønsteret er snøkrystallar, som saman dannar nok snø i bakken.
Votten er strikka i Sisu (det raude), Daletta (det kvite) og minialpakka frå Sandnes (det blå).


Og korleis det gjekk med konkurransen? Vel, eg vann ikkje- for nokre dagar sidan fekk eg vott og mønsterark i retur.  Vinnaren blir publisert i Hjemmet i midten av februar, så det gler eg meg til å sjå!

24. januar 2014

Tunika i Kauni


Ikkje så veldig nyskapande, men denne tunikaen vart ikkje så aller verst. Striper av eit nøste koksgrå Kauni og eit nøste med lange fargeskift vart ganske effektfullt. Stripetunikaen er i str sånn cirka 6 år.
Eg brukte pinnar nr 3,5 heile vegen, starta med halsen og strikka nedover etter eige hovud.  (Vanskeleg å få fram rette fargane- dagslyset er vekk etter jobb og barnehage...)

Eg hadde tenkt at knappen skulle vere bak, men 5-åringen insisterer på å ha den framme.

17. januar 2014

Genseren som ville vere vest

Sist sommar var eg innom Pickles-utsalet i Oslo. Der kjøpte eg sju nøster i sju ulike fargar av Extra Fine Merino-garnet. Altså, kva tenkte eg på eigentleg.....? Vel, først no fekk eg inspirasjon til å bruke det- og valet fall på pilgenseren frå nettopp Pickles. 
Og som de ser- dette er då ingen genser, men ein vest. Årsaka er at mottakaren, ein bestemt 5-åring, undervegs i prosessen fann ut at ho heller ville ha vest.
Herleg fargar, som ein bukett tulipanar!
Str 6 år, ca. Strikka på pinnar nr 3,5.