26. juli 2016

Grå mariusgenser

Det har vore mykje grått ver her på Sunnmøre i sommar. Denne mariusgenseren står difor litt i stil med sommarveret.
Genseren er strikka av Smart frå Sandnes i fargane grå, natur og svart. Str M, herre.
No blir genseren med i bagasjen til London, der han skal få ny eigar.

24. juli 2016

Katvig-kjole

Eg er ingen syar. Likevel er sying noko av at det artigaste eg veit!  Som regel syr eg berre om somrane og førebels er eg veldig einspora: eg syr kjolar.   Tradisjonen tru har eg også denne sommaren sydd kjolar til yngstejenta.
Mange vil nok kjenne igjen mønsteret på stoffet. Jepp, dette er eit Katvigstoff. Eit godt brukt juniordynetrekk har fått nytt liv som mjuk og romsleg kjole, og skal få lufte seg både i London og Oslo dei næraste vekene.
Kjolen er sydd av fire delar: forstykke, bakstykke og to ermar. I halsen er det løpegang med strikk.  Eg diggar å sy av brukte dynetrekk, rett og slett fordi stoffet er så mjukt og fordi eg likar gjenbruk. Og så er det kjempepraktisk med plagg som kan vaskast på seksti grader!
Kjolen er i cirka str 10 år, og det er igjen nok stoff til å sy ein litt mindre kjole.

Katvig har laga sengesett i dette mønsteret i mange fargar, det finst i til dømes blått, grønt, brunt, raudt og gult.
Godkjent!

23. juli 2016

Kaldfarging

"Mamma, kvifor kjøper du ikkje berre gult og oransje garn????" Husets yngste følgde nøye med då eg for første gong skulle prøve å kaldfarge garn.  Tja, kvifor kjøper eg ikkje berre garn i dei fargane eg vil ha, i staden for å bale med glas, garnhesper, påfyling av vatn og 2-3 veker ventetid?  Kanskje fordi det er spennande å sjå kva fargar ein kan trylle fram berre ved hjelp av enkle metodar?  I glaset til venstre er det ca 50 gram totråds merinoull frå Nøstebarn som godgjer seg saman med rikelege mengder gurkemeie. I glaset til høgre er det 50 gram finull frå Rauma som er saman med ein god dose paprikapulver. (For ordens skuld: såpeskummet har ingen ting med kaldfarginga å gjere- det er gutungen som vaskar altanen.)
Etter tre veker såg det tidlegare kvite garnet slik ut. Paprikapulver til venstre, gurkemeie til høgre.
Gurkemeiegarnet vart melert i alle slags gule nyansar.  Kanskje resultatet hadde vorte jamnare viss eg hadde slått til med endå meir gurkemeie?   Uansett: Det skal verte artig å strikke av dette garnet!
Æææ, paprikapulvergarnet vart ganske jamt farga. Ein slags blass oransjefarge. Usikker på om at synest det vart så veldig fint, men eg skal nok finne ein måte å bruke dette på også.
Her viser dei gule nyansane litt betre.  Mykje av inspirasjonen har eg henta frå bloggen til Monstermønster, som har skrive om kaldfarging både her og her.  Også i denne bloggen finst det mange gode tips.    Min spede kaldfargingsstart gav i alle fall meirsmak: no skal eg prøve reinfann, rødbete og blåbær.

16. juli 2016

To enkle vestar

Enkel vest frå Pickles er nettopp det: enkel.  Desse to strikka eg på eit par dagar, då det dukka opp behov for gåve til ei nyfødd jente.   Då eg først var i gang, strikka eg ein vest til storesystera også.
Vestane er strikka av ein tråd Nepal og ein tråd totråds merinoull frå Nøstebarn.  Eg brukte pinne nr 6. Den rosa er i str 1 år, den lilla i str 4 år.
Å blande Nepal og Nøstebarngarn gir ei fin melering.


19. juni 2016

Favorittislandsgenser


"Nokon" har kjøpt ganske mykje Nepal-garn frå Drops. Difor måtte "nokon" finne noko å strikke av dette garnet.  Det vart ein favorittislandsgenser til sjuåringen i lysegrått og to rosafargar.
Mønsteret er laga av Vilde Sofie Michaelsen Sørdal og kan kjøpast på ravelry.com. Oppskrifta går eigentleg berre ned i str XS, men med litt triksing og miksing fekk eg ein genser i str XXS eller ca ti år.  Eg la opp åtte maskar færre enn til str XS, strikka nokre centimeter kortare bol og ermar, osb.
Vrangbordene er strikka på pinne nr 4,5, resten på pinne nr 5.
Ikkje så enkelt å ha laaaangt hår i nordavinden......



Slike strender har vi her på Sunnmøre. Fint ver, men litt for kald vind til at folk vart lokka til bading i dag.
Veldig fornøgd med genseren, og sidan "nokon" har meir enn nok Nepal i lageret, blir det truleg fleire av same sort i løpet av nær framtid.


13. juni 2016

Brun, kvit og blå marius

Det finst mange måtar å takke på. Eg tyr visst fort til eit strikka plagg når eg skal takke nokon.  Denne genseren er strikka til ein lærar, som takk for flott innsats.
Genseren er ein rundfelt marius, oppskrift frå Sandnesgarn.  Eg har brukt garnet Smart og pinnar nr 3 og 3,5. Str M.
Utradisjonelle fargar, ja, men håper genseren fell i smak likevel.



Tarzan, som vanleg til stade.


7. juni 2016

Brekken

Det finst ekstremt mange koftemønster som absolutt fortener ei ny glanstid! Denne kofta er strikka etter mønsteret som heiter Brekken. Originalen er strikka i Peer Gynt frå Sandnes, eg har brukt Smart frå same garnprodusent.

Eg har brukt grått, natur og ein grønfarge. Brota er strikka på pinnar nr 3, medan resten er strikka på pinnar nr 3,5. Sidan originalmønsteret la opp til pinnar nr 2,5 og 3, måtte eg trikse og mikse litt for å få rett storleik.

Det skal eigentleg vere berre to fargar på kofta, men eg synest det vart fint med det grøne.  
Kofta er sånn cirka i str Large.