19. februar 2011

Still light igjen

Denne Still lighten er strikka i Shetland soft frå Malsenogmor. Str S på pinnar nr 3. Garnet er utruleg lett og drygt- så det gjekk med berre 300 gram. Her er ein detalj frå eine lomma:

Lilla lukke

Denne kjolen er sydd av bomullsstoff (ermane) og polarfleece. Str 1 1/2 år.


16. februar 2011

Frottekjole

Dette herlege frottestoffet frå finske Myllymuksut måtte straks omsetjast til noko- og det vart ein kjole i str 2-3 år.
Ermane er laga av eit oransje dynetrekk frå 70-talet.

(Hm, ser litt merkeleg ut på venstre sida her, men kjolen vart visst bretta inn der då eg tok bildet)

Uglekjole

Kjolen er i str 10 år. Sydd av brun babykord og uglestoff frå Stoffogstil.



1. februar 2011

Timmytid!!!!

Dei fleste småbarnsforeldre kjenner nok til det vesle lammet Timmy frå Barne-tv. 2-åringen i huset er stor fan, så ein Timmykjole var absolutt midt i blinken:-)
Timmystoffet kjøpte eg på ebay. Det svarte er polarfleece.
Lei av fotografering.....

Oldemorskjole

Saum og hekling i kombinasjon her. Sjølve kjolen er i brun polarfleece. Oldemorsrutene er hekla av ullgarn. Str ca 40.