12. juni 2019

Kosegenser

Dette er ein Kosegenser. Oppskrifta er henta frå boka "Garnglede i Rosendal", og originalgarnet er Fritidsgarn frå Sandnes. 
Eg gjorde ein vri, sidan eg har ein del garn på lager (kremt): eg strikka med ein tråd Lettlopi og ein tråd Pickles pure wool. Lettlopi-fargen heiter Rust heather (nr 9427). Pickles-garnet heiter Høstløv og har nummer 115. Begge fargane er kjempefine åleine og saman vart dei endå finare! 
Mønsteret er strikka i lys grått Fritidsgarn. Heile genseren er strikka på pinnar nummer seks. Storleiken er M/L. 






11. juni 2019

Stryta


Eg er veldig glad i islandsk garn og oppskrifter. Denne genseren heiter Stryta, og er strikka på pinnar nummer seks. Garnet heiter Alafosslopi.
Plagg av Alafosslopi blir veldig varme, for å seie det forsiktig. Denne skal eg gje til ein som bur i langt kaldare strok enn Sunnmøre. 
Genseren er i str L. 



10. juni 2019

Vardetunika

Denne tunikaen var ferdig for mange veker sidan, men eg har verken rukke å bruke den eller skrive om den her på bloggen før. Det er ein Vardetunika, mønster og garn er frå Raumagarn.
Tunikaen er strikka av Rauma sitt finullgarn, pinnar nummer tre og str L. 
Fargane er to brunfargar, brent oransje og lys beige. 
No er det berre å vente på vinteren, slik at eg endeleg får brukt tunikaen:-)
 


9. juni 2019

Retro: Vest med hønsestrikk

Denne vesten strikka eg då eg gjekk siste året på barneskulen, altså for ganske mange år sidan. Det var det første store plagget eg strikka og vesten vart flittig brukt gjennom heile ungdomsskuletida.  
I dag prøvde tiåringen vesten (etter først å ha fått latteranfall på grunn av fargar og mønster..) 
Ho vedgjekk at vesten var ok- men at dette ikkje er eit plagg ho har tenkt å bruke. 
Vesten vart strikka av restegarn og eg laga bordene etter kvart som eg strikka. Ei av bordene har mange L-ar, for Linda.
Tarzan var som vanleg med når det skal takast bilde til bloggen.