30. januar 2011

Tunika og kjole

Endeleg litt sying:-) Her er ein kjole og ein tunika i str 2-3 år. Stoffet er frå Panduro.

23. januar 2011

Milo igjen.. :-)

Eg kjem stadig tilbake til denne oppskrifta: vesten Milo. Denne har eg strikka i Baby Merino frå Drops, pinnar nr 3,5. Strikka i str 1 år, men sidan eg har brukt tynnare pinnar og garn enn det eigentleg skal vere- vil nok denne passe til ca 3 mnd. Denne blir gåve til ein nyfødd liten herremann:-)

1. januar 2011

Sovevottar

Eit par sovevottar til tanteungen på 1 år. Gode å ha i vogna! Brotet er strikka i babyull frå Dale. Resten er strikka i Tove på pinnar nr 5. Vottane er tova på 60 grader. Oppskrifta er her.

Still light

Puh! Still light-tunikaen vart ferdig no i romjula. Den er strikka i Arwetta ekstra fin merino, fargen heiter nougat. Str M.