25. desember 2017

Mariusvottarx9


Det har absolutt sine fordelar å vere leiar i ei lita bedrift: då kan eg strikke julegåver til alle dei tilsette:-). Ni par Mariusvottar vart akkurat ferdige i tide.
Alle vottane er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes. Alle har ulike fargekombinasjonar.  Fire par herrevottar, fem par damevottar.
Eg tova vottane i vaskemaskin: 40 grader kortvask (30 minutt).


23. desember 2017

Rallargenser


Rallargenser er ei gratisoppskrift frå Dalegarn. Eg har strikka den på bestilling i originalgarn og -fargar. 
Garnet er alpakka frå Dale og fargane er grå, natur og koksgrå. (Litt vanskeleg å få fram rette fargane no i desemberlyset..)
Genseren er strikka på pinnar nr 2,5 (vrangbordene) og 3. Eg er ikkje så veldig glad i å strikke av alpakka, eg synest det er litt vanskeleg å det fint og jamnt, men Dalegarnet var ei positiv oppleving.
Så då er det berre å krysse fingrane for at genseren passar mottakaren.



14. november 2017

2xMarius

Jaudå, eg strikkar framleis, sjølv om det er litt langt mellom oppdateringane her på bloggen. No er to bestillingsverk ferdige: mariusgenserar i alpakkagarn frå Sandnes.
Den minste er i str 8 år. 
Denne er i str 12 eller XS.
Eg synest ho som bestlte genserane har valt veldig fine fargar!

7. oktober 2017

Kastanje frå Skappel

Kastanje-genseren frå Skappel har fine haustfargar!  Det er nok minst eit år sidan eg kjøpte oppskrift og garn til denne genseren, men det er altså først no eg har strikka den.
Genseren er strikka på pinnar nummer sju i garnet MYK.  Eg strikka str M og genseren er ganske stor.  Meir om Kastanje her.

Halsen er litt for vid, så her må eg nok til med nokre fastmaskar for å stramme inn litt.



9. september 2017

Dress, lue, vottar og sokkar


Ikkje så store plagg, men dette vart ein del pirkearbeid.  Alle plagga er inspirert heilt eller delvis av Klompelompe-oppskrifter.
Lua er Vinterkonglelue frå den siste Klompelompeboka, men mønsterborda er henta frå dressen.
Vottar med litt annleis vrangbord.
Sokkar med rillestrikk under foten.


Klompelompedressen skal eigentleg strikkast i fire fargar, men eg har, etter ønske frå mottakar, brukt berre tre: mørkegrå, lysegrå og natur.
Alt er strikka i ca str 3-6 mnd.  Eg har brukt Lanett frå Sandnes og pinnar nr 3.
Ein liten løyndom på vranga: fine ugleband for å skjule sårkanten på knappestolpane.

22. august 2017

Lille vinterkonglejakke

Smått og søtt er vel rette skildringa av denne babyjakka.  Oppskrifta er å finne i den nyaste Klompelompeboka og jakka heiter Lille vinterkonglejakke.
Eg har brukt Pickles Pure Wool- eit garn som er utruleg godt å strikke av.  Etter vask vert plagget mjukt og godt.  Fargane er Tranebær nr 106 og Malte mandler nr 158.
Eg strikka str 3 mnd.  Pinnar nr 2,5 på vrangbordene, nr 3 på resten.  Jakka er strikka frå halsen og ned. 

19. august 2017

Løvlisjal


Eg er ikkje noko sjalmenneske. I alle fall ikkje førebels. Kanskje blir eg det ein gong. Løvlisjalet er det første sjalet eg har strikka.
Sjalet er strikka på pinnar nr 4,5, og eg brukte ca 70 gram Indiecita frå Filcolana (det gule), og nesten 100 gram Isager Alpaca 2 (det kvite).   Alt er garn kjøpt for lenge sidan i Københamn.
Oppskrifta er svært godt forklart og den varkre kanten, blir strikka på til slutt.  Det ser avansert ut, men mønsteret er lett å lære utanat.
Etter vaskng og blokking vart sjalet mjukt og fint.



6. juli 2017

Sjømann

Dette vart ein fin genser til ein liten herremann!  Genseren heiter Sjømann og oppskrifta er frå Sandesgarn.   Den skal eigentleg strikkast i alpakka, men denne er strikka i Drops Merino Extra Fine.
Vrangbordene er strikka på pinnar nr 3, medan resten er strikka på pinnar nr 3,5.  Mønsteret er enkelt men effektfullt.
Genseren er strikka i str 6 år.
Eg vart ikkje heilt fornøgd med kragen, så etter at bilda var tekne bretta eg kragen dobbelt og sydde inn på vranga.  Då vart det mykje betre!

29. juni 2017

Gretekofte

Etter at boka #bystrikk kom ut, har det vorte strikka ein del variantar av denne jakka som heiter Gretekofte.  Eg strikka den i 70-årsgåve til mora mi.
Eg plukka fargar som eg veit mottakaren likar.  Jakka er strikka i Sterk frå Du store alpakka, i ein mellomting mellom str M og L.