23. september 2013

Frække striber

Jess, denne tunikaen heiter Frække striber. Dansk design, strikka i dobbelt Rasmillas yndlingsgarn på pinnar nr 4,5.
Eg synest ikkje den vart så veldig frekk, truleg fordi eg valde litt rolegare fargar enn forslaget i oppskrifta.
Med sju fargar i vilkårlege striper seier det seg sjølv at det kan verte kaotisk. Balansen ligg i at alle stripene er like store- åtte omgangar kvar.
Eg strikka str L, men ferdig var den heller XXL... Eg tova den difor lett på 40 grader i maskin, og då vart den akkurat passeleg:-) Garnet er blanding av lammeull og bomull.

9. september 2013

Den store tantetesten


Inga, straks 5, blir tante i desember. Og då må det øvast. Dagens øving: kle på Storedokka den nystrikka dressen, som er tiltenkt den komande tanteungen. Slik gjekk det:
Vanskeleg å få beina inni....


"Ååå, ikkje ta fleire bilde då!!!!"
Siste erma går fint.
Og så var det knappane.

Jess, DER er dressen på!!!
Mønster og garn er frå Pickles.Eg har strikka den i str 0-3 mnd.

3. september 2013

Retro: Genser med rundfelling


Denne utruleg fine genseren er rundt tretti år gamal. Mamma strikka den til meg på 80-talet og den er like fin framleis.
Eg hugsar at mamma fann oppskrifta i eit vekeblad, truleg Hjemmet. Men eg anar ikkje kva garn ho brukte.

2. september 2013

Lille frøken seilergenser


Endeleg! Niåringen har venta ei stund på denne genseren- ho har nemleg følt seg forbigått på strikkeproduksjonsfronten dei siste månadene.
Genseren er strikka etter Pickles sitt mønster Lille frøken seiler-genser, og kombinasjonen tweed og angora er spennande.  Resultatet er eit herleg, mjukt plagg!
Sommaren er definitivt over her på Sunnmøre, men det er litt blåbær igjen like ved huset vårt.

Ermane er strikka 10 cm lengre enn det er oppgitt i oppskrifta. Det førte til at eg fekk knapt med garn og måtte ta litt raske fellingar mot slutten. Trur likevel det vart ok.