16. februar 2020

Føyka

Denne genseren heiter Føyka, og er å finne i boka Villmarksgensere av Linka Neumann, som kallar seg Valleyknits i sosiale medium. Eg har tidlegare strikka Norsk skoggenser frå same designer.
Eg har brukt Blåne pelsull frå Hillesvåg, kjøpt under Bergen Strikkefestival i fjor haust. Det er tre ulike fargar: naturgrå, mellomblå og lys dongeriblå. Her kan du sjå alle fargane garnet finst i.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på pinnar nummer seks. 
Det skal eigentleg vere høg hals på genseren, men det er eg ikkje så glad i. Difor valde eg å felle av med icord då mønsteret var ferdigstrikka.
Resultatet er ein nydeleg mjuk og varm genser! Pelsullgarnet frå Hillesvåg var ei ny og positiv oppleving.



6. februar 2020

Trær

Puh, dette var ein ganske langdryg affære: Trær-genser frå kolleksjonen Sandesgarn har laga i samarbeid med Cecilie Skog.
Genseren er strikka i originalfargane: rustbrun og kitt Babyull Lanett. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 2,5, resten på pinnar nummer 3.
Mottakar ønskte seg str XS, men med ekstra lengde på ermane.  
Veldig fint mønster, men det tek si tid å strikke: ikkje éin omgang utan mønster og ganske tynne pinnar.