Viser innlegg med etiketten Kauni. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kauni. Vis alle innlegg

8. oktober 2016

Regnbogekjole


Alle gode ting er tre. Tidlegare har eg strikka to slike regnbogekjolar, den første kan du sjå her, den andre er her.  Dette tredje eksemplaret er eit bestillingsverk.  Strikka frå halsen og ned på pinnar nummer 3. Det grå garnet er Baby Panda frå Rauma, medan Kauni har æra for dei vakre regnbogefargane.
Heile sju knappar på høgre side. Knappane er mørkegrå. Det gjekk med ca 180 gram Baby Panda og ca eit halvt nøste Kauni, dvs ca 75 gram.

Bestillaren ville ha ein kjole i str sju år.  Trur det skal passe bra, sjølv om den på åtteåringen (ho 140 cm) er meir som ein tunika. 


5. mars 2016

Regnbogelue (i alle fall starten på ein regnboge..)


Mottakaren av denne regnbogekjolen ville gjerne ha ei matchande lue. Resultatet vart altså denne lua.
Lua er strikka i grå DROPS baby merino og regnbogefarga Kauni. Eg kom ikkje så langt i fargeskifta, naturleg nok.   Vrangborda er strikka på pinnar nr 2,5, resten på pinnar nr 3

21. februar 2016

Ein heil regnboge

Etter at eg la ut dette blogginnlegget for tre veker sidan, fekk eg bestilling på ein slik regnbogekjole.  No er bestillingsverket ferdig og avfotografert i nyvaska tilstand i surt vinterver.
Det grå er Sisu, medan Kauni står for dei fine regnbogefargane.
Det gjekk med nesten 200 gram Sisu og ca 75 gram (eit halvt nøste) Kauni.  Eg strikka på pinnar nr 3,5 og strikka frå halsen og ned.
Eg har ikkje oppskrift til kjolen, så eg strikkar berre på gefühlen.  Kjolen er sånn cirka i str 10 år.

30. januar 2016

Somewhere over the rainbow.....

Uveret Tor har herja frå seg og etterlet seg eit fint snødryss.  Dermed var det endeleg lyst nok til å ta bilde av nyaste strikkakjolen.
Kjolen er strikka frå halsen ned på pinnar nummer 3,5.   Det grå er Pickles pure wool, fargen heiter Røyksignal.  Og regnbogefargane er Kauni EQ.  Fantastisk å kunne strikke eit plagg med så mange fargar utan å feste meir enn 4-5 trådar!
Berestykket er strikka fram og tilbake, slik at det vart riller. Kjolen er open på venstre skuldar og har fått fem treknappar forma som soler der.


Den observante lesar vil legge merke til at kjolen og lua har det same mønsteret. Jepp, eg vart inspirert av To vrange si Dottylue og har altså brukt prikkemønsteret på kjolen også.


21. juli 2015

Restestripekjole

Eg har eit ganske stort garnlager (kremt), som eg meir eller mindre heilhjarta prøver å redusere.  Denne kjolen er strikka av Kauni-restar av to ulike nøster, og 100 gram tretråds Albulita merinoull frå Pickles.   Tidlegare i sommar strikka eg ein liknande kjole, berre med breiare striper. 
Sommarfuglknapp!
Eg synest Kauni har fine fargeskift, og det er alltid veldig motiverande og spennande å strikke slike plagg.



Kjolen er strikka frå halsen og ned, og passar frå ca. 7 år, vil eg tru. Denne skal gjevast vekk i gåve i haust.
Dette vart feriestrikket mitt: eg la opp kjolen på flyet på veg til London. I London vart det strikka veldig lite. Litt meir strikking vart det i Oslo, medan det vart masse strikking då vi var i Mikkelparken i Kinsarvik.

29. juni 2015

Stripekjole


29. juni og sommar. Sol? Varmt?  Bading i sjøen? Nix. Ikkje her. Her er det 12 grader, skodde og duskregn.  Difor passa det bra å posere i eit varmt strikkaplagg i dag.
Litt usikker på om dette er ein kjole eller ein tunika
Strikka av 100 gram tretråds Albulita merinoull frå Pickles, og ca 100 gram Kauni i fargen EX på pinnar nr 3,5.  Stripene er fire omgangar breie.
Eg strikka frå halsen og ned, starta med 66 maskar og auka så ut ved på annankvar omgang. 
6-åringen er 132 cm høg, så kjolen er vel i str 9-10 år, vil eg tru.



Mao lite som minner om sommar på desse kantane av landet.  Men kjolen har i alle fall ein sommarfuglknapp!