21. november 2012

Alpakkahals

Ein liten hals, strikka i alpakka frå Drops. Eg brukte pinnar nr 4,5 og la opp 180 maskar.  Strikka rundt tre rett og ein vrang.  Flytta mønsteret ein maske til venstre annankvar omgang.   Eg brukte ca 75 gram garn og halsen kan snurrast to gongar rundt halsen.

17. november 2012

Rosenborggensar


Frekt og freidig har eg brukt mønsteret til Osloanorakken (frå Pickles) til å lage ein Rosenborggensar.  Svart og kvit Lima frå Drops er brukt, det gjekk med ganske nøyaktig tre nøster (150 gram) av kvar farge. Pinnar nr 4,5.
Detalj: RBK er brodert med maskesting.  Og det måtte sjølvsagt vere fotballknappar på eit sånt plagg!

Så molefonken blir ein Høddsupporter når ho blir tvinga til å prøve ein RBK-gensar,  berre fordi mora har lyst til å sjå korleis gensaren ser ut PÅ, liksom.

Eg strikka str 3-4 år.  Osloanorakken er forresten eit fantasisk plagg: fin fasong, kjekk å strikke og enkel å variere i fargane.

7. november 2012

Og elles då?

Det er alltid gøy å lage slike ordknappe vestar:-)  Denne gongen vart det ein vest med spørsmålet 
Og elles då?
 
 Vesten er strikka på pinnar nr 3 i totrådsgarn frå Nøstebarn.  Str 0-4 mnd, vil eg tru.

4. november 2012

Skappel nr 5

Den (førebels) siste Skappelaktige gensaren er koksgrå, ca str S.  Strikka i alpakka frå Drops og Kitten Mohair frå Sandnes.  Eg brukte pinnar nr 6,5. Det gjekk med nesten seks nøster alpakka og litt over fire nøster mohair.

Same framgangsmåte som dei andre: eg strikkar bolen i eitt stykke- felte til hals og la opp maskar i nakken. Bakstykket er ti cm lengre enn framstykket.

1. november 2012

Voldingvest

Nok ein vest med ordknappar har sett dagens lys.  Også denne er strikka i totrådsgarnet frå Nøstebarn- lillafargen er veldig vanskeleg å få fram på bilde.  

På knappane står det Ej e volding. (Volding er ein person frå Volda, altså).  Knappane er sjølvsagt frå Snella og Petronella. Vesten vil passe ein nyfødd og nokre månader framover.